sil logo

  • header2.jpg
  • header1.jpg
  • header3.jpg

målgang 200m j17
(Foto: Inge Akerjordet)

Søndag er det klart for KM Rogaland i Sandneshallen for utøvarar f.o.m 13 år og oppover. Det er påmeldt 231 deltakarar fordelt på 23 klubbar. Mesterskapet startar kl 11 og er ferdig rett før kl 18.

MERK at det er ei endring i tidsskjemaet: 60m forsøk for J13 er flytta frå kl 1435 til 1405.

Tidsskjema

Startlister og fortløpande resultatservice

Det blir brukt to lengdegroper og to høgdestativ under KM. Det er markert i tidsskjemaet kor dei ulike klassane skal møta.

LUT = Lengde utan tilløp
HUT = Høgde utan tilløp

Lengde 1 - Grop nær sprintstripe 
Lengde 2 - Grop innanfor rundbane 
Høgde 1/HUT 1 - Nær kuleanlegg 
Høgde 2/HUT 2 - Ved målgang 200m

 Andre viktige ting å legga merke til:

- Stevnekontoret er åpent frå kl 0935.

- Det er avkryssing på alle løpsøvingar med frist seinast ein time før øvingsstart. For tekniske øvingar er det ikkje avkryssing, men direkte oppmøte.

- Stafett: Innlevering av lag til stevnekontor seinast 1 time før øvingsstart. Lag trenger ikkje vera førehandspåmeldt.

- Viss det ikkje er tilstrekkeleg antall utøvarar som har møtt til opprop for at det kan gjennomførast forsøk, blir det direkte finale på oppsatt finaletidspunkt.

- Lengde J13 blir delt i to grupper som hopper samstundes i lengdegrop 1 og 2. Dei åtte beste totalt etter tri omgangar går til finale og får tri ekstra hopp i lengdegrop 1