sil logo

Stevnetilbud i Sandneshallen

Innandørssesongen er godt i gang og Sandnes IL arrangerer ein god del stevner i Sandneshallen denne vinteren. Som hovudregel går barne- og ungdomsstevnene i helgene, medan stevner for dei f.o.m. 15 år går på onsdagar 1800-2000.

Merk at aldersklassar for stevnet 20.januar er endra til 8-12 år slik at det ikkje skal overlappa på alder med KM i Haugesund samme dag.

Påmelding til stevner foregår online. Dette gjelder uansett aldersklasse. 

 

Les mer …

Spennande mangekamp i Sandneshallen

seierspalle KSSandnes IL var i helga vertskap for fleire av landets beste mangekjemparar i øvelsane 7-kamp for menn og 5-kamp for kvinner.
Det vart eit tett oppgjer i kvinneklassen. Frida Thorsås måtte før den avsluttande 800 meteren, slå Lene Secher Myrmel med kring fem sekund for å ta sigeren i samandraget. Det endte med knappast mogleg siger til Lene. Kun 19 poeng skilte til slutt dei to. Begge havna rett under 4000-poenggrensa med 3915 og 3896 poeng.
Lars Vikan Rise vann herreklassen med den respektable poengsummen 5479, noko som viser at han er på rett veg etter fjorårets skadeavbrot. På førehand rekna dei fleste med at Lars ville få kamp om sigeren med Hans Olav Uldal og Martin Roe. Hans Olav stod over pga sjukdom og Martin måtte diverre trekka seg frå konkurransen etter at han pådrog seg ein skade under oppvarming.

 

 

Les mer …

Uoffisielt NM mangekamp inne

IMG 0255 red-800Til helga arrangerer Sandnes IL uoffisielt NM i mangekamp inne for andre gang. Stevnet er lagt tidleg i innandørssesongen slik at flest mogleg kan delta. Det viser igjen på startlistene, der me finner fleire av dei beste mangekjemparane frå fjoråret.
Sidan det er 7-kamp (menn) og 5-kamp (kvinner) som står på programmet, er det knytta ekstra spenning til styrkeforholdet mellom utøvarane, då det ikkje blir konkurrert like ofte i som 10-kamp og 7-kamp ute.

 

Live resultatservice finner du her.

  

Les mer …