Tirsdag 16.februar kl 20-22 blir det gjennomført konkurranselik trening med registrering av resultater, for utøvarar som er 15 år og eldre, i Sandneshallen. Av smittevernsomsyn vil dette bli organisert etter liknande retningslinjer som for trening:
- Foregår i fleire grupper på maks 20 per gruppe.
- Gruppene blir på førehand delt inn basert på eksisterande treningsgruppe og øvingsfokus. Dette foregår i samarbeid med deltakande klubbar og lag. Her er det gitt litt fleksibilitet mtp at klubbar/lag med få deltakarar kan plasserast med større treningsgrupper.
- Minimumskrav om fem meters avstand mellom gruppene.
- Utøvarar frå ulike grupper kan ikkje løpa mot kvarandre i samma heat pga avstandskrav mellom gruppene.
- Kvar gruppe har ein, eller fleire, ansvarlege trenarar/leiarar.
- Ingen publikum/familie o.l. tilstades i hallen under treningsstevnet.
- Eit minimum med funksjonærar blir brukt for gjennomføringa.
- Gruppene møter til litt ulike tidspunkt for å unngå trengsel. Oppmøtetidspunkt blir arrangør og deltakande klubbar/lag einige om.
Det er planlagt streaming, slik at dei som ikkje kan vera tilstades i hallen kan følga med.
Oppnådde resultater vil ikkje bli godkjent som offisielle av NFIF og kan difor ikkje brukast mtp kvalifisering til mesterskap eller rekord.
Om myndighetene opnar opp for vanlege stevner før 16.februar, vil me snu oss rundt og arrangera Jærcup 1 15+ på vanleg måte innanfor aktuelle retningslinjer for smittevern for Sandnes kommune den dagen.
Takk til Sandnes kommune, Folkehallane, NFIF og RFIK for godt samarbeid med å komma fram til ei løysing som kombinerer smittevern med utøvarane sine ønsker om å få testa seg i ei konkurranselik form.