Torsdag 17.august går haustens første COOP Jærcup ute på Sandnes stadion. Stevnet startar kl 1730.
Utøvarinfo
Startnummer: Kun for løp lenger enn 200m. Blir delt ut ved start rett før løpet.
Øvingsprioritet: Viss løpsøving startar når du gjennomfører teknisk øving, forlater du denne til fordel for løp. Du kan fullføra den tekniske øvinga etter at løpet er ferdig.
Kontroller at alt er i orden med påmeldinga di ved å sjekka at du står oppført i der. For andre ting som ikkje stemmer, tar du kontakt med Else Storhaug på mail else.storhaug@lyse.net.
Avmelding: Foregår ved å trykka på søppelbøtta i resultatservice heilt fram til øvingsstart. Du blir ikkje fjerna umiddelbart frå resultatservice. Det holder å trykka ein gong på søppelbøtta for gitt øving.