Skip to content

Helga 14.-15.september er det klart for Høstlekene på Sandnes stadion. Det er eit rikhaldig program som mellom anna inkluderer fleire litt utradisjonelle øvingar.

Stafettklassar laurdag:
4x60m G10-12, J10-12, G13-14, J13-14

Det er mogleg å melda på mikslag. Slike lag stiller i gutte/herre-klassen.
Informasjon om påmelding av stafettlag finner du i link til invitasjon under.

Etterpåmelding på arrangementsdagen: Møt ved aktuell øving 15min før start og spør startordnar/øvingsleiar om du kan bli med. For tekniske øvingar går dette stort sett greitt. På løp kan det vera vanskelegare å få til, men det hjelper viss du allereie er forhåndspåmeldt i annan øving i stevnet.

Det er ikkje avkryssing, men det blir satt pris på om du trykker på søppelbøtta i resultatservice bak namnet ditt for aktuell øving viss/når du veit at du ikkje stiller.
Startnummer blir brukt i alle øvingar og kan hentast i Raddlastovå individuelt.

Husk skoreglene som gjelder i heat/grupper som inkluderer utøvarar frå og med 18 år:

Joggesko: Skal ha skosåle tynnare enn 2,5cm på distansar f.o.m. 800m og oppover.
Piggsko: Skal stå oppført i denne lista.

Invitasjon

Tidsskjema laurdag

Tidsskjema søndag

Startliste og resultatservice

Kontroller at alt er i orden med påmeldinga di ved å sjekka at du står oppført i startlistene. Viss det er ting som ikkje stemmer, tar du kontakt med Sølvi Rabben på mail solvirabben@gmail.com.

Search