SI-stevne 1 med 600m og 1500m
Det er etterapprobert eit løpsstevne på Sandnes stadion tirsdag 5.juli kl 1730. Aktuelle distansar er 600m for 10-14 år og 1500m for 15+.
Det er etterapprobert eit løpsstevne på Sandnes stadion tirsdag 5.juli kl 1730. Aktuelle distansar er 600m for 10-14 år og 1500m for 15+.
Helga 14.-15.mai er det klart for KM Rogaland på Sandnes stadion. Starttidspunkt begge dagar er kl 1100.
Det er ikkje avkryssing under KM. Møt direkte ved øvingsstad og gi beskjed til øvingsleiar/startordnar at du stiller.
Stafettlag kan meldast på ved stevnekontoret inntil ein time før øvingsstart.
Torsdag 24.februar er det klart for årets siste Jærcup inne. Stevnet startar kl 1700 for 10-14-åringar og 1930 for dei som er frå 15 år og oppover. Merk at også 10-åringar kan melda seg på.
Praktisk informasjon:
Smittevern: Stevner kan nå arrangerast som normalt. Publikum er tillatt.
Parkering: Bruk P-plassen utenfor Sandneshallen. Hvis denne blir full, bruk P-plass utenfor Sandve barneskole (til venstre i rundkjøringen ved Sandneshallen).
Utøvarinfo:
Startnummer: Kun for løp lenger enn 200m. Blir delt ut ved start rett før løpet.
Øvingsprioritet: Viss løpsøving startar når du gjennomfører teknisk øving, forlater du denne til fordel for løp. Du kan fullføra den tekniske øvinga etter at løpet er ferdig.
Avmelding på arrangementsdagen: Foregår ved å trykka på søppelbøtta i resultatservice.
I link til resultatservice finner du startlister. Kontroller at alt er i orden med påmeldinga di ved å sjekka at du står oppført i startlistene. Viss det er ting som ikkje stemmer, tar du kontakt med Else Storhaug på mail else.storhaug@lyse.net.
Etterpåmelding foregår også ved å senda mail til Else.
Velkommen!
Tirsdag 15.februar er det klart for årets første Jærcup. Stevnet startar kl 1700 for 11-14-åringar og 1930 for dei som er frå 15 år og oppover.
Praktisk informasjon:
Smittevern: Stevner kan nå arrangerast som normalt. Publikum er tillatt.
Parkering: Bruk P-plassen utenfor Sandneshallen. Hvis denne blir full, bruk P-plass utenfor Sandve barneskole (til venstre i rundkjøringen ved Sandneshallen).
Startnummer: Kun for løp lenger enn 200m. Blir delt ut ved start rett før løpet.
Etterpåmelding på arrangementsdagen: Møt ved aktuell øving 15min før start og spør startordnar/øvingsleiar om du kan bli med.
Avmelding på arrangementsdagen: Foregår ved å trykka på søppelbøtta i resultatservice.
Velkommen!
Sandnes IL ønsker velkommen til klubb- og toppidrettstevner i helga. Det er gjort nokre justeringar etter at myndighetene torsdag informerte om mindre restriksjonar for idretten. Kanskje viktigast å merka seg er at det nå er fleire som kvalifiserer til å delta i toppidrettsdelen. NM-kvalifiserte utøvarar som ønsker å etterpåmelda seg, eller flytta over frå klubb til toppidrettsdel kan ta kontakt med Else Storhaug på mail: else.storhaug@lyse.net.
Som alternativ til Sørvestmesterskapet, som blir utsatt til 26.-27.februar, arrangerer Sandnes IL eit mindre stevne på opprinneleg helg 15.-16.januar. Søndag 16.januar blir kun brukt som arrangementsdag viss interessa for klubbstevnedelen er stor.
Klubb/lagsvise stevnedelar
Kvar klubb/lag melder inn sine ønsker for ein eller fleire stevnedelar der grupper på opp til 20 utøvarar frå og med 15 årsklassen kan gjennomføra sine øvingar. Ønsker blir sendt til Else Storhaug på mail; else.storhaug@lyse.net, av ein koordinator (oppmann, leiar, sportsleg leiar o.l) for klubben innan tirsdag 11.januar kl 23:59 og må innehalda ønska øvingar, namn og alder på utøvarar og fordeling av utøvarar og øvingar per gruppe der det er ønskeleg med meir enn ei gruppe. Aldersgruppene 13-14 år kan bli vurdert viss det er ønske om det. T.d. som eit alternativ for dei som har få 15+ utøvarar og difor lite intern-konkurranse i klubben.
Oppvarming foregår på fleirbruksområdet med adgang gjennom garderobar i underetasjen. Oppvarmingsområdet vil vera fysisk avsperra frå konkurrenseområdene. Det blir tildelt oppvarmingstid i forkant av stevnedel. Dette foregår parallelt med at anna klubb/lag gjennomfører sin stevnedel.
Me ber om forståing for at me av praktiske grunnar ikkje nødvendigvis kan møta alle ønsker/behov frå klubbar/lag.
Det er ingen geografiske avgrensingar på kva klubbar/lag som kan benytta seg av dette tilbudet.
Toppidrett
Etter stevnedelane dedikert til klubbar/lag laurdag, blir det gjennomført ein stevnedel for toppidrettsutøvarar som er definert som dette på arrangementsdagen.
Øvingsutvalg blir satt opp etter innspel/ønsker. Foreløpige øvingar for nasjonalt stevne toppidrett:
Merk følgande:
Sjølv om me har ei heil helg til å gjennomføra på, vil det diverre ikkje vera mogleg for alle å få konkurrert slik det er ønske om. Men me håpar dette kan vera eit kjærkomment tilbud under utfordrande forhold.
Dette stevnetilbudet har blitt utforma i samarbeid med NFIF og Sandnes kommune.
Ihht nasjonale smittevernstiltak som gjelder i perioden 16.desember – 12.januar, er det ikkje anbefalt å arrangera stevner inne for andre enn toppidrettsutøvarar og for dei som allereie trener saman til dagleg.
“Toppidrettsutøvere, støttepersonell og dommere vil fortsatt ha forskriftsfestede unntak fra kravene til avstand ved gjennomføring av toppidrettsarrangementer. De skal heller ikke regnes med blant det antallet personer som kan være til stede på et arrangement.”
…
“Det anbefales å utsette eller avlyse gjennomføring av arrangementer tilknyttet organiserte fritidsaktiviteter på tvers av ulike grupper for alle aldersgrupper, barn og voksne.”
(regjeringen.no)
Sandnes IL velger difor å avlysa COOP Jærcup 1 som skulle gått 6.januar. Me planlegger heller å gjennomføra mindre stevner for toppidrettsutøvarar og grupper som trener saman til dagleg. Stevnene vil bli gjennomført ihht forskrift i Lovdata. Dvs maks 20 per gruppe (unnatak for toppidrett) som kan konkurrera mot kvarandre om gangen.
Me ser det som viktigare at folk få trent i Sandneshallen perioden Jærcup 1 skulle gått, enn at det blir gjennomført eit lite effektivt stevne der svært få kunne konkurrert samstundes.
Utover dette har Sandnes IL planlagt tri stevner/arrangement i Sandneshallen i vinter. Det er:
Sørvestmesterskapet 2022 – 15.-16.januar
COOP Jærcup 2 inne – 15.februar
COOP Jærcup 3 inne – 24.februar
Oppdatert informasjon om Sørvestmesterskapet blir lagt ut søndag 2.januar.
Generell informasjon om stevnene blir lagt ut fortløpande uavhengig av tiltaksnivå mtp smittevern. Typisk vil detaljert informasjon om organisering bli publisert ei veke før stevnestart når me kjenner til kva smittevernstiltak som gjelder på det aktuelle tidspunktet. Dette inkluderer td stevneinndeling for aktuelle klassar mtp maksantall som kan vera på banen samstundes, påmeldingsskjema for trenarar og evt publikum og evt geografiske, aldersmessige og nivåmessige avgrensningar.
Ved justeringar av smittevernstiltak, frå lokale eller nasjonale myndigheter, tett opp til stevnet, vil det bli lagt ut fortløpande oppdateringar i aktuell web-sak om konsekvensar for organisering og stevnegjennomføring.
Mandag 25.oktober kl 1800 arrangerer Sandnes IL lagmesterskap hopp utan tilløp i Sandneshallen. Aktuelle øvingar er lengde utan tilløp, høgde utan tilløp og tristeg utan tilløp.
Alle øvingane startar kl 1800.
Utøvarar kan gå fritt mellom øvingane. T.d. er det tillatt å gjennomføra hopp i lengde medan ein venter på starthøgda si i høgde. Lengde og tristeg blir ikkje avslutta før alle har fått gjennomført sine seks forsøk.
To stativ er i bruk på høgde utan tilløp. Den eine startar på 0,89m og aukar med 3cm om gongen, den andre på 1,19m og aukar med 5cm om gongen.
Torsdag kl 1830 blir det stevne med 60m, 400m, 200m hekk, tresteg og lengde utan tilløp.
Stevnet blir avslutta laurdag kl 1130 med dei utsatte øvingane diskos, kule og slegge.