Skip to content

SI-stevne 5

Det er etterapprobert stevne Torsdag 5.august kl 1800 på Sandnes stadion med øvingane: 60m (kun for yngre klassar), 100m, 200m, 400m, 600m (kun for yngre klassar), 800, lengde, kule og spyd. Stevnet er for alle utøvarar frå og med 10 år og oppover. Fleire øvingar kan bli lagt til (td mellomdistanse). Lista over øvingar ovanfor blir isåfall oppdatert.

Skoskjema for utøvarar

Publikumspåmelding

Tidsskjema

Resultatservice

Vindsprint

Søndag kl 1600 er det klart for årets utgåve av Vindsprint på Sandnes stadion. Dette er femte året dette arrangementet blir gjennomført. Pengepremiar for 10000 kroner skal fordelast på dei tri beste menna og dei tri beste kvinnene. Følg stevnet på arrangementet sine nettsider.

Utøvarar som skal delta må huska å fylla ut skoskjema som fins på arrangementet sine nettsider. Publikum og trenarar må huska på å fylla ut publikumsskjema som også fins der.

SI – stevne 2 for alle kommunar og nivå

Det er nå stadfesta at trinn to av gjenåpningsplanen inkluderer høve for stevnedeltaking på tvers av kommunar og fylker, uavhengig av nivå og alder. Difor er det gledeleg å endeleg kunna invitera alle til SI-stevne 2 på Sandnes stadion torsdag 10.juni kl 1900. Øvingane som er satt opp er 60m hekk, 60m, 100m, 200m, 400m, 1500m, høgde og lengde.

Påmelding for trenarar og publikum

Tidsskjema

Resultater

SI-stevne

Torsdag 27.mai kl 1900 blir det arrangert stevne for utøvarar som bur i Sandnes kommune og/eller trener med klubb/lag i kommunen. Dette inkluderer alle frå og med 15 år uavhengig av nivå. Det er fortsatt uklart om trinn 2 av gjenåpningsplanen for landet inkluderer meir fleksibilitet slik at vaksne frå andre kommunar også kan delta. Per 26.mai har t.d. ikkje ein vaksen toppidrettsutøvar frå annan kommune lov til å konkurrera mot ein vaksen breiddeutøvar frå Sandnes kommune. Viss me får klarsignal frå NFIF før stevnestart, vil me opna opp større geografisk fleksibilitet. Isåfall blir det infomert om i oppdatering her i denne saka.

Påmelding for utøvarar

Påmelding for trenarar og publikum

Tidsskjema

Resultatservice

 

COOP Jærcup 3

Sandnes IL, Havørn og Sola ønsker velkommen til COOP Jærcup 3 på Sandnes stadion tirsdag 1.juni. Stevnet blir gjennomført etter gjeldande retningslinjer for smittevern på arrangementsdagen. Per 20.mai betyr dette at stevnet vil bli delt inn i økter med 200 personer om gangen. Alle som konkurrerer for klubbar/lag tilhøyrande Rogaland Friidrettskrets, og som er under 20 år, eller som er definert som toppidrettsutøvar, kan delta i dette stevnet.
Viss retningslinjene for smittevern blir endra, vil arrangementet bli justert ihht dette. Isåfall vil det bli informert om det her.

Oppvarmingsmuligheter for gruppe 13+
Utøvarar som er 13 år og eldre slepper inn på stadion frå kl 1930. Oppvarming i forkant av dette foregår i området utfor stadion. Dvs Gisketjern, Ormaskogen inkl joggeløyper. Sprintstripa ved kunstgrasbanen er tilgjengeleg og det vil bli satt ut hekkar her.  Jogging skal ikkje foregå på sprintstripa då denne er prioritert til stigningsløp og drill.

Samling skal ikkje foregå framfor inngangsporten til stadion. Avtal heller annan møteplass.
For at trenarar og publikum skal sleppa effektivt inn på stadion, er det sterkt ønska at alle fyller ut påmeldingsskjemaet under før ein kjem til stadion.

Påmelding for trenarar og publikum

Tidsskjema

Resultatservice

Search